fredag 11. desember 2009

A view on Europeana from the US perspective

Ricky Erway, OCLC Research, har på oppdrag frå arrangørane av den andre LIBER/EBLIDA digitaliseringsworkshopen skrive ein interessant artikkel om Europeana sett med amerikanske auge:

http://liber.library.uu.nl/publish/issues/2009-2/index.html?000472

tirsdag 26. mai 2009

Styremøte i Bordeaux 18. og 19. mai


18. og 19. mai vart det andre styremøtet i EuropeanaLocal arrangert. Vertskap for møtet var Conseil Général de la Gironde.

På møtet vart status for arbeidet så langt oppsummert og diskutert. Nokre viktige moment i desse diskusjonane er:

- Kartlegginga av innhaldet til prosjektpartnarane er no ferdig og resultata er analysert av Collections Trust.

- Det sentrale testmiljøet i Europeana er oppretta. Dei tekniske partnarane vil ta til med innhausting og testing av innhald frå EuropeanaLocal-partnarar i løpet av juni i år.

- Når det gjeld formidlingsarbeid, vil europeanalocal.eu bli relansert med nytt design i samsvar med den grafiske profilen til Europeana. EuropeanaLocal har blitt presentert på ei rekke konferansar det siste året, og vil også vere eit sentralt tema på konferansen Improving Access to European Cultural Heritage - goals, ways and means i Lund, Sverige, 15. - 16. oktober 2009.



torsdag 23. april 2009

Fylkesarkivet på teknisk seminar

23. og 24. april arrangerte Avinet den første av to omganger med tekniske seminar som skal finne stad i løpet av prosjektperioden. Frå Fylkesarkivet deltok Snorre Øverbø og Elin Østevik. På seminaret vart vi undervist i installering og bruk av "repository"-teknologiane PKP Harvester og Repox.

Det var den belgiske prosjektpartnaren, Provincie Limburg, som var vertskap for seminaret.

fredag 17. april 2009

Møte i "Evaluation Working Group"

30.-31. mars møttest "Evaluation Working Group" til sitt andre møte. Denne gongen var det Regione Marche, Italia, som var vertskap. På møtet diskuterte vi metodar for rapportering og evaluering av metadatakvalitet.

Artikkelen "Metadata Quality for Federated Collections", som du finn her, vart trekt fram i diskusjonane kring val av metode for evaluering av metadatakvalitet. Den greske partnaren skal teste metodikken på innhald frå Sogn og Fjordane og Portugal før ei endeleg avgjerd blir teken.

torsdag 26. februar 2009

Ny versjon av Europeana Semantic Elements

Versjon 3.1 av "Specification for the Europeana Semantic Elements" (ESE) vert straks distribuert til partnarane i EuropeanaLocal.

Dei største endringane i høve versjon 2.0 er at heile 10 nye europeana-spesifikke element er lagt til. I tillegg er bruken av nokre av "dublin core"-elementa omdefinert i høve tidlegare versjonar.

Fylkesarkivet går no i gang med å revidere mappinga av fotobasen og kulturhistorisk leksikon i tråd med den nye versjonen av ESE.

EuropeanaLocal - sentralt tema på ABM-konferanse

På konferansen "Digital kulturformidling i Sogn og Fjordane" som vart arrangert i Førde 19. og 20. februar, var Europeana og EuropeanaLocal sentrale tema.

Lizzy Komen frå EDL Foundation demonstrerte prototypen av Europeana. I tillegg orienterte ho om dei ulike prosjekta som er i gang for å vidareutvikle Europeana og/eller levere ulike former for kulturhistorisk innhald til Europeana.

Gunnar Urtegaard, avdelingsleiar for Digitalt ABM, snakka om korleis EuropeanaLocal er knytt til nasjonale strategiar som utvikling av ABM-søk og ein felles nasjonal infrastruktur for ABM-sektoren.

Elin Østevik frå Fylkesarkivet fortalte om kva arbeid som skal gjerast i Sogn og Fjordane i løpet av prosjektperioden juni 2008 til mai 2011.

Presentasjonane finn du her.

tirsdag 3. februar 2009

Kartlegging av ABM-basar i Sogn og Fjordane


For å kunne levere innhald til Europeana må alle prosjektpartnarane i EuropeanaLocal først kartlegge innhald og metadata nytta i eigne system. Kartleggingsarbeidet vert leia av Collections Trust i Storbritannia. Fristen for å svare på kartleggingsundersøkinga er no ute.

For Sogn og Fjordane sin del er det gjenstandsbasen til musea, Fylkesarkivet sine basar, samt "fjognedok" og bibliotekbasane "Sogndalsbasen" og "Biblioteka i indre Sunnfjord" som er kartlagde.

Collections Trust vil no gå i gang med å analysere informasjonen som er komen inn frå samtlege prosjektpartnarar. På basis av dette vil dei kome med anbefalingar når det gjeld metadata og bruk av terminologiar både lokalt/regionalt og i Europeana. Vidare vil dei identifisere kulturhistoriske tema eller emne som er framtredande i materialet frå prosjektpartnarane.

Collections Trust er venta å levere rapporten sin i løpet av mai månad.

fredag 23. januar 2009

tirsdag 20. januar 2009

Teknisk arbeidsmøte i Haag


13. og 14. januar deltok ei rekke prosjektpartnarar, deriblant Fylkesarkivet, på eit teknisk arbeidsmøte i Haag. Føremålet var å overføre kunnskap frå til Europeana til EuropeanaLocal.

På møtet fekk vi høyre om planane for vidareutvikling av Europeana , ulike ”repository”-løysingar vart presentert og diskutert, og vi fekk også innblikk i versjon 3.1 av metadatastandarden ”Europeana Semantic Elements” (ESE).

Versjon 3.1 av ESE vil bli sendt ut til partnarane i EuropeanaLocal i løpet av februar. ESE v3.1 inneheld fleire element enn v.2.0, (som er den versjonen EuropeanaLocal har nytta til no). Nokre av elementa har også blitt omdefinert i høve v.2.0. Dette tyder at vi må justere arbeidet som alt er gjort når det gjeld å sjå metadataformat nytta i Fylkesarkivet sine basar opp mot ESE-standarden.

På møtet deltok også representantar frå prosjektet Athena (Access to cultural heritage networks across Europe). Athena er eit prosjekt som rettar seg direkte mot museum og audiovisuelle arkiv i Europa. Føremålet er å utvikle løysingar for å gjere innhald frå museum og audiovisuelle arkiv tilgjengeleg i Europeana.

EuropeanaLocal og Athena vil koordinere arbeidet seg i mellom for å unngå overlapp mellom prosjekta.