fredag 23. januar 2009

tirsdag 20. januar 2009

Teknisk arbeidsmøte i Haag


13. og 14. januar deltok ei rekke prosjektpartnarar, deriblant Fylkesarkivet, på eit teknisk arbeidsmøte i Haag. Føremålet var å overføre kunnskap frå til Europeana til EuropeanaLocal.

På møtet fekk vi høyre om planane for vidareutvikling av Europeana , ulike ”repository”-løysingar vart presentert og diskutert, og vi fekk også innblikk i versjon 3.1 av metadatastandarden ”Europeana Semantic Elements” (ESE).

Versjon 3.1 av ESE vil bli sendt ut til partnarane i EuropeanaLocal i løpet av februar. ESE v3.1 inneheld fleire element enn v.2.0, (som er den versjonen EuropeanaLocal har nytta til no). Nokre av elementa har også blitt omdefinert i høve v.2.0. Dette tyder at vi må justere arbeidet som alt er gjort når det gjeld å sjå metadataformat nytta i Fylkesarkivet sine basar opp mot ESE-standarden.

På møtet deltok også representantar frå prosjektet Athena (Access to cultural heritage networks across Europe). Athena er eit prosjekt som rettar seg direkte mot museum og audiovisuelle arkiv i Europa. Føremålet er å utvikle løysingar for å gjere innhald frå museum og audiovisuelle arkiv tilgjengeleg i Europeana.

EuropeanaLocal og Athena vil koordinere arbeidet seg i mellom for å unngå overlapp mellom prosjekta.