torsdag 26. februar 2009

Ny versjon av Europeana Semantic Elements

Versjon 3.1 av "Specification for the Europeana Semantic Elements" (ESE) vert straks distribuert til partnarane i EuropeanaLocal.

Dei største endringane i høve versjon 2.0 er at heile 10 nye europeana-spesifikke element er lagt til. I tillegg er bruken av nokre av "dublin core"-elementa omdefinert i høve tidlegare versjonar.

Fylkesarkivet går no i gang med å revidere mappinga av fotobasen og kulturhistorisk leksikon i tråd med den nye versjonen av ESE.

EuropeanaLocal - sentralt tema på ABM-konferanse

På konferansen "Digital kulturformidling i Sogn og Fjordane" som vart arrangert i Førde 19. og 20. februar, var Europeana og EuropeanaLocal sentrale tema.

Lizzy Komen frå EDL Foundation demonstrerte prototypen av Europeana. I tillegg orienterte ho om dei ulike prosjekta som er i gang for å vidareutvikle Europeana og/eller levere ulike former for kulturhistorisk innhald til Europeana.

Gunnar Urtegaard, avdelingsleiar for Digitalt ABM, snakka om korleis EuropeanaLocal er knytt til nasjonale strategiar som utvikling av ABM-søk og ein felles nasjonal infrastruktur for ABM-sektoren.

Elin Østevik frå Fylkesarkivet fortalte om kva arbeid som skal gjerast i Sogn og Fjordane i løpet av prosjektperioden juni 2008 til mai 2011.

Presentasjonane finn du her.

tirsdag 3. februar 2009

Kartlegging av ABM-basar i Sogn og Fjordane


For å kunne levere innhald til Europeana må alle prosjektpartnarane i EuropeanaLocal først kartlegge innhald og metadata nytta i eigne system. Kartleggingsarbeidet vert leia av Collections Trust i Storbritannia. Fristen for å svare på kartleggingsundersøkinga er no ute.

For Sogn og Fjordane sin del er det gjenstandsbasen til musea, Fylkesarkivet sine basar, samt "fjognedok" og bibliotekbasane "Sogndalsbasen" og "Biblioteka i indre Sunnfjord" som er kartlagde.

Collections Trust vil no gå i gang med å analysere informasjonen som er komen inn frå samtlege prosjektpartnarar. På basis av dette vil dei kome med anbefalingar når det gjeld metadata og bruk av terminologiar både lokalt/regionalt og i Europeana. Vidare vil dei identifisere kulturhistoriske tema eller emne som er framtredande i materialet frå prosjektpartnarane.

Collections Trust er venta å levere rapporten sin i løpet av mai månad.