Prosjektet EuropeanaLocal(www.europeanalocal.eu) er eit beste praksis nettverk finansiert under eContentPlus-programmet. Prosjektet har som føremål å gjere digitalt innhald frå lokale og regionale arkiv, bibliotek og museum tilgjengleg i Europeana (www.europeana.eu). Europeana – Europas digitale arkiv, bibliotek og museum – er ein felles fleirspråkleg portal som gir brukarane tilgang til kulturhistorisk materiale frå heile Europa.
EuropeanaLocal er eit 3-årig prosjekt som starta i juni 2008. Prosjektet har 32 partnarar i 27 land. Dei norske partnarane er Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesarkivet, ABM-utvikling og Avinet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar